Om talemålet

Kvinesdal er ein langstrakt kommune i Vest-Agder som tidlegare bestod av tre kommunar, med Fjotland i nord og Feda i sør. Det er først og fremst den geografiske avstanden, frå hav til hei, som har gjort at det har vore såpass stor forskjell på dialekten frå nord til sør i kommunen. Det mest særeigne med fjotlandsmålet blir etter kvart meir og meir utvatna, i takt med auka mobilitet og at «verda har blitt mindre».

«Fjellmålet» i Fjotland, slik det tidlegare vart omtala, er mykje i slekt med målet i Åseral og  Eiken i aust, og  Sirdal og Gyland i vest. Folk hadde i tidlegare tider gjerne meir kontakt med kvarandre på tvers av bygdene, enn på langs. Ein kan gjerne seie at fjotlandsmålet har halde på mange av dei norrøne lydane, mykje meir enn kvinesdalsmålet. Ein kan òg seie at fjotlandsmålet har følgt mykje av setesdalsmålet i ord og vendingar. Det kan ha samanheng med at Fjotland grensar til Bygland heilt i nord.

Tidlegare rulla ein på r-ane, og adde sa hør og dør for her og der. Avslitne dativsendingar finst framleis i stadnamn som Åså, Hommå og Runnå. Framleis høyrer ein lange vokalar i mange ord,  t.d. slå:ten (slåtten), le:t (lett) og blå:t (blått). Me finn òg diftongering av norrøne lange vokalar, t.d. å greina (grine), det skeumast (skumrast), døyna (dyne) og jåol (jul).

Dette har sjølvsagt endra seg med tida, og var nok tydelegare før. Det kan òg synast som om fjotlandsdialekten har eit rikare ordtilfang enn kvinesdalsdialekten.

Kvinesdal: Så kom dei alle i ein talle, så datt dei alle i ein poll.
Sirdal:  Så kom dei adle i ein tadle, så datt dei adle i ein podl.
Fjotland: Så kom dei adde i ein tadde, så datt dei adde i ein podd.

(Frå fjotlandsbøkene)