Velkomen til Fjotlandsmaal.no

Her kan du finna ord og uttrykk frå talemålet i Fjotland. Me ser det som viktig å få skrive ned så mange fjotlandske ord og uttrykk som me kan få tak i, slik at fjotlandsdialekten blir tatt vare på for framtida, og slik at komande generasjonar i Fjotland kan vera stolte av å bruke eigen dialekt.

Me starta å samla inn fjotlandske ord og uttrykk hausten 2013, og www.fjotlandsmaal.no blei opna hausten 2014. Frode Aagedal, Sven og Geir Finnvold hjalp okke med å utvikla dataprogrammet og nettsida. Målet med netttsida er å dokumentera og presentera det fjotlandske talemålet på ein oversikteleg måte. I ordlista her finn du ord og uttrykk med forklaringar og eksempel. Med tid og stunder vil det bli lagt inn bøyingar på alle orda innan dei ulike emna. Dette vil ta tid då alt arbeid med ordinnsamling blir gjort på dugnad.

I skrivande stund vil du finna i underkant av 5000 ord i ordlista. Det står endå att mange ord å registrera. Fjotlendingar og utflytta fjotlendingar er flinke til å senda okke ord og uttrykk. Hald fram med det!

Du kan senda fjotlandske ord og uttrykk til: tse@fjotlandsmaal.no Om du vil kan du koma på orddugnadane på Vonheim. Sjå også Facebook-sida vår. Me håpar at arbeidet okkas kan vera med å auka interessa for dialektar generelt og fjotlandsdialekten spesielt.

Me som held på med dette nå er Anna Årstøl, Odd Stakkeland og Tor Sigbjørn Eiesland.